PPU-Y

Skole:
  • Høgskole Stord/Haugesund
Kontaktperson(er):
  • Hans Hylen Solberg
Studiepoeng:
  • 60



I samarbeid med Utdanning i Ryfylke gjennomfører HSH eit utviklingsprosjekt med desentralisert PPU for yrkesfaglærarar. Lærarar frå 12 vidaregåande skular i Rogaland deltek ved studiet.

Studieløp: To år etter gammal rammeplan.
Oppstart medio februar 2014 -60 studiepoeng: 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk
Praksisopplæring er integrert i studie-einingane, totalt 240 timar

Mål: Godkjend pedagogisk utdanning for undervising i vidaregåande.
Studentane skal tileigne seg: fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse, yrkesetisk kompetanse

Målgruppe: Lærarar ved yrkesfaglege studieretningar ved dei fem regionskulane i Rogaland: Dalane, Strand, Rygjabø, Ølen og Sauda vidaregåande skular

Organisering: Studiet vil bli tilrettelagt for gjennomføring i kombinasjon med lærarstilling knytt til yrkesfaglege utdanningsprogram.
Praksisnært, praksisbasert og nært forhold til og samarbeid med studentane er sentrale stikkord.
Fagleg ansvarleg ved HSH vert Egil Eide. Studiet vil vere samlingsbasert med nettstøtte.
Oppstartsamling ved Rommetveit, deretter ambulerande samlingar ved enkeltskulane. Respektive rektor er vertskap ved samlingane.

Undervising: Undervisinga vil vere eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring og didaktisk refleksjon.

Hovudmoment i studiet: Læraren og eleven/lærlingen/Læraren og organisasjonen/Læraren og samfunnet

Praksis vil bli tilrettelagt ved eigen skule med høve for observasjon ved andre skular. Rektor blir praksisansvarleg for kandidatar ved eigen skule. Det første studieåret vil praksisarbeidet ha slikt innhald:

  • Observasjonspraksis- 20 timar
  • Undervisningpraksis i klasserom - 50 timar
  • Rettleiing med øvingslærar - 25 timar
  • Teammøte, vurderingsarbeid, meir undervisning, m.m. 25 timar

Totalt 1. studieår: 120 timar

Praksisrettleiar utnevnd av rektor skal syte for gjennomføring av praksisarbeidet med rettleiing og rapportering

Kostnader: Studentar ved Høgskolen Stord/Haugesund må betale semesteravgift og i tillegg ei kursavgift. Dertil kjem kostnader til lærebøker. Dei ulike skulane vil bere kostnadane ved praksisopplæringa.