Sauda vidaregåande skule

Sauda vidaregåande skule
Sauda vidaregåande skule
Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.

Skulen er lokalisert på tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga på Lofthus og transportfagleg avdeling på Indre Birkeland ligg i Sauda kommune. Toppvolley Norge og byggfagstilbodet ligg på Sand i Suldal kommune.

Det er viktig for oss å gi elevane tett oppfølging og eit fagleg godt utdanningstilbod. Sauda vidaregåande skule er kjent for gode skreddarsydde løysingar, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø blant elevar og tilsette.

Skulen er regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke. Me samarbeider tett med offentlege verksemder og regionalt nærlingsliv. Skulen representerer Rogaland fylkeskommune i indre Ryfylke. Målet vårt som regional utviklingsaktør er å skapa gode arenaer for utdanning og utvikling. Visjonen vår er ”Me vil meir”.

 

Heimeside:  http://sauda.vgs.no/

Plassering