Om UiR

Å gjere utdanning til drivar av samfunnsutvikling

Prosjektet Utdanning i Ryfylke er som modell eit nybrottsarbeid.     
 

Registrerte og innmelde behov  i næringsliv og offentleg verksemd styrer tilboda. I breidt anlagde prosessar på tvers av næringsvegar og kommunegrenser blir utdanningstilbod forma med nytteverdi som siktemål. Dei vidaregåande skulane i regionen står med utstyr og lokale fram som samfunnsaktørar ved tilrettelegging og gjennomføring av utdanningstiltak.

Utdanning og opplæring på alle nivå blir ved denne modellen levert lokalt i kostnadseffektiv kombinasjon med jobb og familieliv.

Visjonen for  Utdanning i Ryfylke (UiR) er

 "Livslang læring der du bur".

"Livslang læring er et viktig prinsipp i norsk utdanningspolitikk. Målet er at alle skal ha mulighet til å tilegne seg ny kunnskap og utvikle evnene sine gjennom hele livet. Livslang læring bidrar til å øke den enkeltes livskvalitet, og gir større verdiskapning og fleksibilitet i arbeidslivet." (Kunnskapsdepartementet, Regjeringen.no)

"Nasjonens evne til å forvalte befolkningens kompetanse er avgjørende for verdiskaping og samfunnsutvikling. Det må være kultur for læring som alltid forplikter og utfordrer til stadig å søke ny kunnskap." (NHO) 

Modellen for Utdanning i Ryfylke tar desse nasjonale føringane på alvor på ein måte og i eit omfang som potensielt også har nasjonal interesse. Næringsliv og offentleg verksemd må finne veg ut av ein negativ spiral som svekkar konkurranseevna og hindrar rekruttering.