Høgskolen Stord/Haugesund

Foto: HSH
Foto: HSH
HSH er ein mellomstor og moderne høgskule med om lag 3000 studentar og 260 tilsette. Me tilbyr spennande utdanningar på bachelor- og masternivå, eit rikt utval av etter- og vidareutdanningar og utfordrande forskingsprosjekt i aktive fagmiljø. Me har studiestader på Stord og i Haugesund.

Høgskulens satsingsområde er:

  1. Didaktikk og profesjonskunnskap
  2. Petromaritim næringsverksemd
  3. Helsefag

Me har eitt masterstudium i IKT i læring, og to samarbeidsmastere innan meistring og mynddiggjering og teknisk sikkerhet. Den fyrste i lag med Høgskulen i Volda. Den andre i lag med Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.

Sidan 2008 har HSH vore med i UH-nett Vest.

HSH vart etablert 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule vart slått saman. I 2000 vart avdeling for sikkerhetsopplæring (Bleivik) skilt ut som eige aksjeselskap, og me kjenner det i dag som ResQ A/S.

Til HSH sine nettsider

Plassering