Leiing og læringskultur 10 studiepoeng vart avslutta med heimeeksamen i perioden 2. – 9. januar

Totalt 68 studentar har gått opp til eksamen etter å ha fått godkjent studievilkåra med tre refleksjonsnotat og ei prosjektoppgåve som gruppearbeid. Evaluering av studiet ved questback er alt gjennomført . 46 studentar har deltatt i undersøkinga. Blant gledelege resultat kan nevnast: Pensumlitteraturen har fått breid tilslutnad.




Frammøteprosenten ved forelesingar var imponerande høg. 78,3% hevdar at studiet i stor grad har relevans til eigen arbeidskvardag. Heile 89,1% har opplevd forelesarane som oppdaterte og fagleg dyktige. Overføringane vi videokonferanse får positiv karakteristikk både med omsyn til lyd og bilde. Gjennomgåande merknad er at studiet grunna omfang og arbeidsmengde burde gitt større uttelling enn 10 studiepoeng.