Framtid for UiR

Ved møtet i fylkestinget 8. des. 2015 vart UiR vedtatt vidareført med ei årleg løyving på kr. 750 000,- for perioden 2016 - 2019.




Denne føringa er lagt til grunn for årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016 - 2019 i Rogaland fylkeskommune:

"Med Rogaland inn i ei ny tid

Rogaland skal være en åpen, aktiv, kunnskapssøkende og nyskapende fylkeskommune, med fokus på innovasjon, sikring av arbeidsplasser og tilrettelegging for grønn utvikling i hele fylket."

Eit nytt utviklingsrom er skapt. Dei vidaregåande regionskulane i Ryfylke skal også i komande 4 års periode stå fram som regionale kompetansesentra og fremje opplæring og utdanning i samarbeid med kommunar og næringsliv.