Arbeidsmøte med oppvekstleiarane 28. mars

Skuleretta tiltak Oppvekstleiarane i Ryfylke blei 20.12.13 uformelt invitert til eit første arbeidsmøte om nye utdanningstiltak. Høgst på ønskelista stod Lærarutdanning 1-7 med naturfag og spesialpedagogikk i vidare rekkefølge.




I påfølgjande møte 24.01.14. der HSH var representert ved EVU, vart føresetnader for ein vidare planprosess skissert.

Grunna naudsynt planlegging og førebuing kan tidlegaste oppstartidspunkt for ei full lærarutdanning bli først hausten 2015. Til det komande møtet vil viktig kartlegging vere unnagjort: Lærarutdanning 1-7 - aktuelle kandidatar utan pedagogisk utdanning pr. kommune - avgang ved pensjon og pensjoneringstakt

Spesialpedagogikk - kommunevis systematisert kartlegging av utdanningsbehov med delemneprioritering - ønske og forslag om praktisk tilrettelegging av undervisinga

Ønsket om tilrettelegging av naturfagsutdanning gjennom UiR er meldt vidare til aktuell avdeling ved HSH.